Miljø og berekraft på Groven Camping
Groven Camping og Hyttegrend ønskjer å bidra til eit meir berekraftig reiseliv og eit godt lokalsamfunn. Me tek ansvar for vår miljøpåverknad, og håpar du som gjest ønskjer å gjere det same.
Berekraft er ein naturleg del av den daglege drifta vår, og noko me jobbar aktivt med å integrere hjå både tilsette og besøkande. Heilt sidan oppstarten tidleg på 1960-talet har gjenbruk, nøktern ressursbruk og respekt for naturen vore sentrale verdiar i oppbygginga og drifta av Groven Camping.
For å sikre ei heilskapleg og systematisk tilnærming til miljøarbeidet er Groven Camping sertifisert som Miljøfyrtårn. Me vart først sertifiserte i november 2021 og resertifiserte i mars 2025. Dette er ei sertifisering me er stolte av, og som forpliktar.
Gjennom miljøsertifiseringa har me etablert eit miljøleiingssystem som styrer klima- og miljøarbeidet vårt og legg til rette for kontinuerleg forbetring. Sertifiseringa stiller konkrete krav innan mellom anna:
- arbeidsmiljø og verksemdsstyring
- avfall, gjenbruk og sirkulærøkonomi
- energi og ressursbruk
- naturmangfald og arealbruk
- innkjøp og transport
Kvart år rapporterer me inn tal frå drifta som dannar grunnlag for klimarekneskap, resultat og statistikk. Dette gjev oss god oversikt over framgang og forbetringspotensial – og blir offentleggjort slik at også du kan følgje med på vårt miljøarbeid.
Du som gjest er ein viktig samarbeidspartnar
Som gjest på Groven Camping er du ein viktig del av miljøarbeidet vårt. Me set stor pris på at du:
- sorterer avfall og aldri kastar søppel i naturen
- pantar flasker og boksar
- unngår eingongsprodukt som eingongsgrill og eingongsservise
- nyttar tømmestasjon for toalett og gråvatn
- fyller vatn etter behov
- utforskar nærområdet til fots eller på sykkel
- handlar lokalt og støttar bygda
Velkomen til Groven Camping i Vinje.