
17/01/2023
Kiosk & Uteservering
I år utvidar me menyen vår! Itillegg til pizza, vil det også vere mogleg å få servert middag og burger på Groven i sommarsesongen. Dagens middag kvar onsdag og buffet kvar sondag.
I år utvidar me menyen vår! Itillegg til pizza, vil det også vere mogleg å få servert middag og burger på Groven. Dagens middag kvar onsdag og buffet kvar sondag.
I sommarmånadane er kiosken open. Her kan du bestille ferske rundstykker til frukosten, og du kan kjøpe is og enkel kioskvare.
Me har også spennande produkt frå lokale produsentar, som prisvinnande ostar frå Lega, frisk bringebærlemonade frå Liengård og fleire spanande forfriskningar frå Lindheim Ølkompani og lokal pizza kan nytast på staden.
Plassen har skjenkeløyve for skjenking av alkoholhaldig drikke.
Me fyrar opp bålpanna kvar kveld. Her kan du nyte sommarkvelden framfor flammene med gode samtaler om dagens opplevingar, og kanskje planlegge morgondagens utflukt.
Kvar onsdagskveld i juli invitera me bygdefolk og gjester til quiz.