

"Å kunne eg fara til Telemark og liva ei sumarstund. Der gror det ryllik
på stovetak og songar på folkemunn." Per Sivle.
Groven camping og hyttegrend ligg 500 m.o.h. i lunt skogsterreng, med utsikt til bygda
Åmot og attraktive naturområde. Campingen, som er oppbygd i terrassar, har i tillegg
til hyttene plass til ca. 50 bubilar, campingvogner og telt.
Groven camping og hyttegrend har ei samling av åtte gamle tømmerhus frå nærområdet,
i tillegg til tolv hytter av nyare dato.
Utanom mange fine turområde på staden, ligg Groven nær høgfjellsområda
Rauland: 20 km, og Haukelifjell: 60 km.
Groven er ein utprega familiestad, og ligg ca. 300 meter frå Åmot sentrum, som har dei
fleste servicetilbod.
Aktivitetar og tilbod på Groven:
- Kiosk med enkel uteservering av pizza,kaffe,vaffler,drikke.
- Oppmerka stiar/løyper i skog og fjellterreng.
- Stangfiske i elvefar og Ormetjønn (500 m). Gratis lån av båt
- Badetjern med flåter og stupebrett
- Leikeplassar og leikehytte
- Geiter
- Oppholdsrom med peis og tv
- Bordtennis
- Trampoliner
- Bålplassar
- Gamme
- Tømmer hytte som barna kan bygge/sette opp sjølv

