Velkomen til

Groven Camping
og Hyttegrend

Ei perle midt mellom aust- og vestlandet

Kjenn Telemark
på kroppen

Besøk vakre Groven Camping og Hyttegrend i hjartet av Telemark. Bu i landets eldste campinghytter og hyttetun på den tradisjonsrike familiecampinga i Vinje. Me er ope heile året og har rikeleg med aktivitetar for store og små. Nyt den vakre naturen i fjellheimen og opplev samhaldet på campinga vår.

Du er hjarteleg velkomen!

Sjå kva våre besøkande seier

Ofte stilte spørsmål

Ein campingplass
midt i smørauget

Groven Camping og Hyttegrend er eit godt utgangspunkt for fleire formål. Med plassering i Åmot/Vinje sentrum og ved E134, er me midt mellom aust- og vestlandet. For dei som er på farten er plasseringa svært praktisk. For litt lengre opphald er Groven Camping eit godt utgangspunkt for å bruke høgfjellsområda Rauland og Haukelifjell, som båe grensar til Hardangervidda. Stadar som Rjukan, Gaustadtoppen, Telemarkskanalen og Bø Sommarland er også i nærleiken.

Du finn oss i

Raulandsvegen 41
250 meter frå Åmot og
Vinje sentrum og E134

Kontakt oss